1. – 8. juli 2023 Åndalsnes, Romsdal
mandag 11. juli kl 11:00
Varighet: 2 dagar
Alder: fra 10 år

Øystein Folden og venner i Naturvernforbundet er instruktørar i ljåslått og byr samtidig på ein nærare kjennskap til floraen på vollen på Vermedalssætran

Slåttekurs/dugnad
kr 0
Arrangementet startet 11.07.2022

Øystein Folden er fylkessekretær i Naturvernforbundet og har halde på med skjøtselsslått av verdifulle slåttemarker dei siste 20 åra.

Anten ein er vant med ljåslått, berre har høyrt om at noko kallast ljå eller at ein er innstilt på litt fysisk aktivitet på ein setervoll, så kan ein vere med. Dei som ikkje kan bruke ljå frå før vil få opplæring. Det er dessutan andre oppgåver som går på å ta vare på ein setervoll som ein kan vere med på. Med utgangspunkt i det som finst på setervollen vil ein få innsikt i naturmangfaldet som er på slike plassar.

På måndagskvelden vil ein få litt meir generell kjennskap til utmarksslått og seterliv.

Vermedalssætran ligg i fjellet sør for Verma, i Romsdalen landskapsvernområde.

Det er overnatting i to hytter. Arrangør må vite om deltakarane har med reiskap sjølv eller treng å låne. Vidare må det avtalast nærare om mat, overnatting og samarbeid om skyss ein bit. Slåtteaktiviteten passer frå 10 år og opp, så lenge ein kan gå ein bit sjølv.

Har du ei slåttemark du ikkje veit kva du skal gjere med, så vil du få ein god start ved å vere med på dette arrangementet.

Det er berre 12 plasser, så meld deg på. Arrangementet er gratis.

Foto: Naturvernforbundet