Når du går inn gjennom porten til Grytten kyrkje på Veblungsnes, er noko av det første du ser eit særmerkt gravmonument i kvit marmor. Her kviler Alma Clara Lovell, ei 26 år gammal engelske jente som saman med to andre drukna då ein skyssbåt forliste utanfor kaia på Veblungsnes. Tragedien skuldast ein plutseleg og dramatisk storm for 139 år sidan, den 15. juli 1881. Kven var ho? Kva skulle ho? Kvifor hadde ho slikt hastverk med å komme seg frå Molde til Veblungsnes og Romsdalen? Var ho ein fjellklatrar med ein stor og ambisiøs plan? Kunne ho ha snytt Carl Hall for «andrebestigninga» av Romsdalshornet? Og kva er bakgrunnen for at den legendariske fjellklatraren Arne Randers Heen er gravlagt ved sidan av Alma Clara Lovell? Kva veit vi? Kva kan vi tru, fantasere og tenkje «kontrafaktisk» om den unge jenta som i 139 år har kvilt under eit av Grytten kyrkjegards fineste gravmonument?
Dette er tema for foredrag / forteljestund med journalist og fjellklatrar Iver Gjelstenli og kulturarbeidar og tidlegare organist Sølvi Heggem Lundin.