Fotturen til Gjerdsetsetra startar på lunneplassen (160 m.o.h.) like nedom den ubebudde garden Berg (Reitan). For å kome dit må du svinge av frå fv 64 midt i 60-sona i Gjerdsetbygda og følge brei og fin grusveg oppover lia. Denne svinger etter litt mot venstre og retning Sjursgarden før den gjer ein skarp sving til høgre. Følg vegen rett fram til lunneplassen som ligg i ein sving like ved Gjerdsetelva. Her er det greitt å parkere.
Herfrå følger vi i starten ein traktorveg, då den opprinnelege seterstien for tida er dekt av hogstavfall. Starten på turen er alltid litt tung, det går bratt oppover til vi tar av vegen på omlag 270 m.o.h og startar å gå på den gamle seterstien. Denne har herfrå ei meir behageleg stigning, med unnatak av ei kneik opp til Gjerdsetskaret på rundt 350 m.o.h. Her vinker vi farvel til bygda og går inn på fjellet, i fin furuskog på god sti. Ein kilometer lengre fram og 100 meter opp i høgde, og vi er på Gjerdsetsetra! Det vil vere best å gå i gode fjellsko evt støvlar, litt etter kva slags sommar det har vore fram til denne dagen. I fjor var det joggeskoføre til slutt!
Gjerdsetsetra er frå 1700-talet, står det skreve i bygdebok for Eid. Kor sikkert dette er, vitas ikkje. Men bygget har vore flytta, som “alle” eldre tømmerhus. Hallgeir Gjerdset har vore eigar sia 2007, og har sia då dreve ei oppgradering etter prinsippet “svært sakte men svært sikkert”. Eit stort løft blei gjort i fjor sommar, då taket med eternittplater blei fjerna og det blei lagt på att torv, etter at setra i 1968 nok blei berga frå samandetting når mirakelmaterialet eternitt blei brukt. Meir info om setra før og no og i framtida får du om du blir med på arkitektTUREN!